Min faglege kompetanse
Min faglege kompetanse
Kronologisk emneoversikt av mine fagfelt
Innføring i medieproduksjon - MID121
Ei innføring av medieproduksjon. Her lærte eg mykje grunnleggande i foto, webutvikling og konseptutvikling i design.
Medievitenskap - MEV111
Medievitenskap gjekk ut på å sette mediehistoria i eit perspektiv og få ei god oversikt. Eg fekk også ei innføring i bruk av retorikk, semiotikk, narratologi, biletanalyse, mediehistorie, mediepolitikk og media blant barn og unge
Mediekompetanse i Praksis - MEK111MID
Et teoretisk og praktisk emne der det vart vektlagd korleis media påverkar barn og unge. Blant anna studerte vi bruken nettverksamfunn av barn ved nettsamfunnet NRK super. Eg hadde og ei praksisperiode ved Bratteberg barneskule i Volda med mål å lære ei gruppe med barn å lage film.
Praktisk medieproduksjon - MID115
Innføringsemne om journalstikk, film og lyd. Her hadde eg blant anna ei veke som journalist for ei nettavis drifta av klassa, eg var óg med på å produsere kortfilm og hørespel for radio.
Visuell Kommunikasjon - KOH111
Eit emne innanfor Kunst- og håndtverk, men også obligatorisk for oss på Media, IKT og design. Her lærte eg grunnprinsipper om farger, komposisjon og skisseteknikker. Jobbet også med foto og fikk ei innføring i Illustrator. Vi jobbet også mykje med utstilling av dei ulike arbeidskrava.
Multimedia og Eventproduksjon - MID116
Eit produksjonsemne som var todelt. Den første delen gjekk ut på fleirkameraproduksjon, der vi gjorde produksjonane First Lego Leauge 2010 i Ålesund og Rikskonsertane med symfoniorkester for barn. Her hadde eg rollene kameraoperatør og VB ansvarlig. Den andre delen gjekk ut på å utvikle nettsider for eventer.
Photo: Art and Illustration - PAI101
Eit foto emne med fokus på kunstfotoet som både var både praktisk og teoretisk. Teorien gav ei innsikt i foto historie og dei ulike sjangrane. Det praktiske gjekk ut på lyssetting og studio fotografering i studio.
Editorial Design - MD105
Eit emne der vi gjekk i klasse med Erasmusstudenter frå heile Europa. Her fekk vi kurs i Photoshop og InDesign, og sjølve emnet gjekk ut på å produsere eit eige magasin med fokus på både layout og skrive eigne artiklar ut ifrå eit satt tema for heile klassa. Samtidig valte eg å både jobbe med Den norske dokumentarfilm festivalen 2010 der vi var eit team som designet programheftet for festivalen.
Som student i Storbritannia
Etter to år som student i Volda var det på tide med ei miljøforandring. Eg valte dermed å reise ut på utveksling til Storbritannia for å spesialisere meg meir innanfor mi fordjupning i mediedesign. Eg gjekk dermed eit år med Graphic Design i byen Swansea i Wales med ei klasse som året før hadde gått første året. Dette er emna eg fekk ta her.
Visual & Technical Studies II – M2X9170
Dette emnet gjekk ut på å bruke og teste andre teknikkar som ein kanskje til vanleg ikkje har tid og ikkje tør å ta i bruk. Som å male, scanne inn ulike ting, legge på filter som ein som regel ikkje tør å teste ut og fylle opp ei skissebok med alt dette. Oppgåva vi fekk var veldig open og en måtte nødvendigvis ikkje lage noko av det trykte medium, om ein ville kunne ein lage skulputrer og eksperimentere med for eksempel tre. Eg valte å lage ei bok som eg binda saman sjølv, noko eg aldri hadde prøvd tidlegare.
Professional Studies for Art Design & Media – M2X9169
Dette emnet gjekk ut på å lære oss korleis starte eiga bedrift fra foretningsidé til ferdig foretningsplan. Vi jobbet på kryss av våre fagfelt saman med studenter frå illustrsjon og reklame for å få ei gruppe med vid fagforståing. Vår foretningsidé var å samle alle studentar i ei og same anbudside på nett for å få studentar til å få meir arbeidserfaring frå bransja i studie tida og etter enda studielaup. Praktisk emne med også gjesteførelesarar og forelesningar.
Branding Corporate Graphics / Major Project - M2X7491
I første semester hadde vi fleire prosjekt som gjekk ut på merkevarebygging. Vi studerte merkevare strategier som Pepsi og Cola og Starbucks mot Costa Coffee. Sjølve lagde vi da ei eiga merkevare for eit eige kaffi hus. Vi hadde også ei meir abstrakt oppgåve som gjekk ut på å byggje ei merkevare for glede. Der mitt konsept var å putte gleda i små duftposer.
Som Major Project var tema re-branding der oppgåva gjekk ut på å lage noko u-kult til noko kult: Making the uncool, cool. Mi utfordring var då å rebrande sporten krokket. Ideén for å få til dette var en krokket festival for unge menneske.
Design Audience Consumer - M2X7443
Som student på Graphic Design BA (Hons) viser det til at ein har ei djup teoretisk forståing saman med det praktiske. Innanfor historical & contextual studies fekk vi vala mellom fleire teoretiske emne vi kunne velje. Design, audience, consumer var mitt val av teoretisk fordjupning. Det var et reint teoretisk emne som gjekk over begge semestera. Til saman skreiv vi to hovud oppgåver her med eigne valte problemstillingar innanfor grafisk design historie. Eg skreiv blant anna om etikk i grafisk designyrket med tittelen ”How Can Graphic Design Save the World” og den andre oppgåva tok for seg påverkninga av dei ulike kunstepokane i grafisk design.
Visual & Technical Studies III - M2X9171
Dette emnet er eigentleg det same som Visual & Technical Studies II, teste ulike teknikkar og nye medium ein ikkje har brukt før. Dette semesteret fekk vi ei todelt oppgåve. Den første delen fekk vi tre ord vi skulle lage tankekart og visualisere, uten vi visste formålet med det. Orda var fysikk, kjemi og biologi – og eg testa mykje med maling, potet trykk og speilvendteelementer. Da vi fekk den andre delen skulle vi bruke skisseboka som vi da hadde fylt opp med ulike visualiseringar for å fremje ei vitenskaps messe.
Design Technologies - M2X7490
Emne om trykkteknologi og web, eg fekk i oppgåve å utvikle ei brosyre som skulle fortelje om dei ulike syndane og dydar ein designar kan spele og bruke i sine arbeid. Vi fekk innføring i trykkteknologi i forelesninger og jobbet sjølvstendig med heftet.
I andre semser var det meir fokus på webteknologi og utvikling av nettsider, med forelesnigner HTML og CSS koding. Som ferdig produkt her hadde vi utvikla ei eiga nettside ved hjelp av dreamweaver.
Hausten 2008
Våren 2009
Hausten 2009
Våren 2010
Haust 2010 og
vår 2011
Silje Marita Lillebø © 2012 Telefon: 900 99 296 Mail: silje.89@gmail.com
Strategic Design - MD201
Tilbake i Volda igjen valte eg dermed å ta nokre ekstra fag. Dette emnet var eit emne med Erasmus studentar i klassa, noko som gir eit stort mangfald i kunnskap og erfaring. Emnet gjekk ut på å bygge ei merkevare for ei bedrift i eit team, vi skulle marknadsføre turist Noreg for ei yngre målgruppe enn kva som blir gjort no. Nøye planlegging av marknadsføring, design, målgruppe og tilrettelegging.
Arkitektur - KOH112
Eit emne eg valte for å få ein variasjon av erfaring. Eg ville vekk frå dataskjermen og inn i verkstaden for å prøve meg på noko tredimensjonalt. Her var det praksis i treverkstaden og teori førelesningar om diktaktikk. Oppgåver vi hadde var skaping av eit rom av brukte paller, tradisjonell bygging av grindbygg, skape mitt eige krypinn i målestokk. For eksamen smelta vi all denne nye kunnskapen av dei ulike materiala og lagde ei husfasade i målestokk.
Bacheloroppgåve - MID 203
Avsluttningsoppgåve for studieløpet mitt. Oppgåva her vil sjølvsagt vere etter kva ein sjølv har valt å spesialisere seg på igjennom studie åra ved Høgskulen i Volda. Eg ville fortsette med merkevarebygging og valte dermed tema merkevarebygging for mi hovudoppgåve. Eg valte også å gjere ei praktisk bachelor oppgåve som vil seie at eg vil lage eit produkt saman med ei skriftleg oppgåve om mine teoriar og metodar. Med mi oppgåve om merkevarebygging må eg undersøke målgruppe og utvikle ein strategi for merkevara.
Produksjon og praksis i medie- og kulturformidling - MKP101
I dette emne kunne ein velje mellom å finne seg ein praksis plass eller ha eit eige prosjekt. Eg valte å utvikle mitt eige magasin saman med Elise Årdal, der vi har jobba for å utvikle eit interaktiv magasin for bruk på nett. Igjennom brukartesting har vi testa brukargrensesnitt og målgruppe. God øving å jobbe sjølvstendig og utvikle ein god prosjektplan som fungerar i praksis.
Hausten 2011
Våren 2012